READ Agder er i gang i Valle kommune

Måndag 17.10. 2022 sparka Valle kommune i gong READ Agder. I samband med kulturveka i Valle inviterte vi alle fire- og femåringane i barnehagane og 1. og 2. klasse i skulen til felles oppstart. Saman med føresette kom dei til ei hyggeleg stund på Sæbyggjen og folkebiblioteket vårt.

Vi fekk høyre forfattar Rebecca Wexelsen lese frå boka si Ulf er uvel. Saman med cellist Maria Alejandro Conte tok ho oss alle med gjennom historia i boka og vi fekk kjenne på kjensler og stemningar undervegs.

Etterpå var det stor aktivitet i folkebiblioteket. Barna fekk utdelt lesebag og mange nytta tida til å skaffe seg lånekort på biblioteket. Vi gleder oss til vidare arbeid med READ Agder med mykje lesing og hyggestunder der bøkene og lesinga er i fokus.

Forfattar Rebecca Wexelsen saman med cellist Maria Alejandro Conte.
Add Your Tooltip Text Here